Lite snø på breane

Det er mindre snø enn normalt på breane i Jotunheimen. Ein bør vera ekstra forsiktig ved ferdsel på bre i påska og utover våren.

LIte snø: Det er lite snø i Hurrungane i år.   Foto: Jostein Aasen/NVE

Nyheiter

Det melder Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

NVE sine målingar og observasjonar syner at det er lite snø i fjellet og på breane i Jotunheimen. Det betyr at bresprekkar har eit tynnare snødekke enn vanleg i mange av dei populære turområda. I tillegg var det stor smelting av breane i fjor, som fjerna mesteparten av fjorårets snø.

– Ved stor smelting blir nye sprekkar avdekka. Det kan altså vera sprekkar på stader som tidlegare har vore rekna som trygge, åtvarar NVE og ber folk som ferdast på breane i påska og utover våren om å vise ekstra aktsemd.