Klima- og miljøminister Ola Elvestuen:

Kjem til Skjåk tysdag

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen har takka ja til å besøkje Skjåk fyrstomande tysdag.

Til Skjåk: Klima- og miljøminister Ola Elvestuen kjem til Skjåk fyrstkomande tysdag.   Foto: Bjørn H. Stuedal/Klima- og miljødepartementet

Nyheiter

Fyrst vart det meldt at ministeren kjem måndag. Nå har Fjuken fått beskjed om at dagen er endra: Elvestuen kjem tysdag.

I ei pressemelding frå Ketil Kjenseth (V) og Tor Andrè Johnsen (Frp) blir det uttrykt stor glede over at arbeidet med oppryddinga etter flaumen i fjor er i gang.

– Eg har engasjert meg i denne saka av fleire grunnar. Sjølvsagt fordi Skjåk ligg i heimfylket mitt, men óg fordi Skjåk er ein liten kommune som treng storsamfunnet når ein så stor flaum rammar, seier Ketil Kjenseth.

I tillegg til å vera stortingsrepresentant for Oppland Venstre, er Ketil Kjenseth óg leiar av Energi- og miljøkomiteen.

– Dette er ei hending vi må lære av. Skjåk gjekk frå å vera tørrast i Noreg til våtast i løpet av berre nokre timar på ei tid av året der ein ikkje forventar flaum. Slike hendingar vil det bli langt fleire av framover. Vi må både lære oss å føreseia dei, førebyggje og også rydde opp utan at lokale eldsjeler må slite seg forderva i byråkrati for å få rydda opp, seier Kjenseth.

Stortingsrepresentant Tor Andrè Johnsen frå Frp fortel i pressemeldinga at han har hatt god og tett dialog med departementet og statssekretær Atle Hamar i denne saka.

– Statssekretær Hamar har heile tida vore imøtekomande og tydeleg på at denne saka skal vi løyse – og at vi sjølvsagt må bistå Glasopor med oppryddinga. Glasopor er ei viktig lokal hjørnesteinsbedrift og det har vore viktig for meg å syrgje for at dei får den støtta dei treng for å unngå at dei blir sitjande att med alt ansvaret for oppryddinga etter flaumen heilt åleine.

Ordførar Elias Sperstad inviterte nyleg Ola Elvestuen til Skjåk. Sperstad skreiv ein kronikk om flaumen og oppryddinga - og argumenterte for at staten må stille opp.

Det store spørsmålet, som mange truleg stiller seg nå, er om Elvestuen har med seg ein stor sjekk til Skjåk.