Engstelege og fortvila bebuarar på Åmotsøye i Skjåk:

Flaumsikringa er utsett

Flaumsikringa på Åmotsøye i Nordberg, som skulle sikre mot ein vårflaum, er utsett til seinsommaren.

Utsett: Bente J. Aamodt og andre bebuarar på Åmotsøye i Skjåk er engstelege og fortvila etter at dei fekk vite at det ikkje vil bli starta noko flaumsikringstiltak frå NVE si side før tidlegast i sommar. Meininga var at øya skulle sikrast til vårflaumen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Distriktsingeniør i NVE, Odd-Arne Haarseth, stadfestar at NVE ikkje vil gå i gang med sikring og førebygging mot ein vårflaum på Åmotsøye, som opphavleg var planen.