Eidefoss skal selja straum til heile Noreg

I fleire år har Eidefoss fått førespurnader frå utflytta dølar på om dei kan få kjøpe straum frå Eidefoss til huset sitt utanfor Nord-Gudbrandsdalen, og fått nei. Nå seier det lokale kraftselskapet ja!

Heile noreg skal få: Eidefoss har valt å tilby alle privat- og næringskundar i Noreg «dølastraum» til stikkontakten sin. Foto: Nedre Otta 

Nyheiter

I 103 år har kraftselskapet Eidefoss halde fast på at dei ikkje skal selja straum til abonnentar utanfor kommunane Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja. Dei siste åra har Eidefoss auka produksjonen, og kan dekkje mange fleire husstandar enn dei har i kommunane i Nord-Gudbrandsdalen. Nå har Eidefoss valt å tilby alle privat- og næringskundar i Noreg «dølastraum» til stikkontakten sin.