Opnar til påske, men er nattestengt

Fylkesveg 55 over Sognefjellet opnar til påske, men er nattestengt.

  Foto: Webkamera/Statens Vegvesen

Nyheiter

Det melder Statens vegvesen.

Fylkesvegen over Sognefjellet er nattestengt mellom klokka 20 om kvelden og klokka 08 neste morgon i påska og inntil vidare.

Det er viktig å berekne god tid til å koma seg gjennom eller ut att frå Sognefjellet, før bommane går ned - så lenge vegen er nattestengt.

På grunn av lite snø i fjellet, blir vegen opna rekordtidleg i år: Fredag 12. april.

Folk som vil nytte høvet til ein påsketur på Sognefjellet, må passe på at dei kjem seg ut før vegen blir stengt ved Rustadseter og Turtagrø om kvelden.

– Trafikantane har ansvar for eigen tryggleik når det gjeld å passe tida for når vegen er open, seier seksjonssjef Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen.

– Dersom det skulle bli uvêr, kan vegen bli stengt på stutt varsel også på dagtid. Det er framleis vinter i fjellet, og vêret kan fort endre seg. Tryggleiken til trafikantar og brøytemannskap er viktig. Fylg godt med på vêr- og vegmeldingar dersom du skal over Sognefjellet i påska, oppmodar Stensrud.