Lomsrussen fekk gullbøsse av Kreftforeningen

Russen i Lom sette ny innsamlingsrekord under «Krafttak mot kreft», og er vinnar av Kreftforeningen si gullbøsse.

Gullbøsse: Lomsrussen sette ny innsamlingsrekord under «Krafttak mot kreft», der elevane var bøsseberarar. Denne veka vann dei Kreftforeningen si gullbøsse for sitt engasjement og samarbeid gjennom innsamlingsaksjonen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Under innsamlingsaksjonen samla russekullet - med god hjelp av elevar frå 1. og 2. klasse - på den vidaregåande skulen i Lom inn heile 113.420 kroner. Dette er ny rekord, og berre frå året før ein auke på godt over 600(!) prosent.

Tysdag var aksjonsleiar i Kreftforeningen Innlandet, Morten Midtby, og distriktssjef Berit Jevnaker, på skulen for å takke elevane for innsatsen. Til skulen hadde representantane med seg ei gullbøsse som den vidaregåande skulen fekk overlevert.

– Det skal oppfyllast ein del kriterium for å vinne denne bøssa, men de utpeika dykk ganske tidleg. Gjennom stort engasjement i aksjonen, godt samarbeid, god innsats og synlegheit, fortener de absolutt denne gullbøssa, sa aksjonsleiaren under overrekkinga.

– Dette er ei viktig sak! sa russepresident Sebastian Schakenda og retta ein stor takk til bøsseberarar, foreldre, lærarar, bedrifter og Kreftforeningen.