Heider til dyktige mjølkeprodusentar

Torunn og Jarleif Kolden frå Lom fekk Mjølkespannet under ei høgtideleg markering på Lillestrøm tysdag kveld, i forkant av TINE sitt årsmøte.
Nyheiter

Kvar dag måler TINE kvaliteten på mjølka frå norske mjølkeprodusentar. Den beste mjølka blir kategorisert som elitemjølk.

Mjølkespannet er ein prestisjefull heiderspris: Mottakarane har levert elitemjølk 25 år på rad utan ein einaste feil. Dei står for svært god drift, kvalitet i alle ledd og god dyrevelferd.

Målet med heidersprisen er å påskjøne dyktige mjølkeprodusentar og auke interessa for godt fjøsstell, god gardsdrift og levering av mjølk med særdeles god kvalitet.

Mjølkespannet vart overrekt av TINE sin konsernsjef Gunnar Hovland og styreleiar Trond Reierstad.

I tillegg til heideren til Torunn og Jarleif Kolden, var det fleire mjølkeprodusentar frå Ottadalen som fekk fortent heider og ære: Randi Valde og Roar Sletten (Vågå), Arnt Inge Kvålshagen (Lom), Kari og Ragnar Hesthagen (Garmo) og Eivind Øvrelid (Skjåk) fekk alle tildelt Sølvtina. Produsentar som greier å levere elitemjølk kvar einaste dag i 15 år, blir heidra med Sølvtina.