– Ta signala frå kroppen på alvor

Sterk er den som tør vise svakheit.

Livsstil: – Det å vere gardbrukar er eit einsamt yrke. Ein livsstil på godt og vondt. Men eg ville ikkje bytt med nokon. Eg elskar å vere gardbrukar. Det gjev meg så mykje å få arbeide med dyr, seier Turid Grimsbø Snerle. For tolv år sidan gjekk ho og mannen på kvar sin smell i livet. Da betyr det mykje å ha ei ordning med landbruksvikar som fungerer, familie og gode vener som stilte opp.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Lesarbidrag:

Mange på møte om bondevelferd

Tysdag førre veke arrangerte Kvinner i Landbruket ope møte på Klones. Temaet for møtet var bonden si mentale helse og korleis ein kan takle, korleis få hjelp og korleis unngå kriser som kan oppstå dersom det skjer noko akutt. Det kan vera psykisk sjukdom, anna alvorleg sjukdom, ulykker, brann eller, som sist sommar, at naturen slo seg vrang med både tørke og flaum.

 

Desse orda fekk Turid Grimsbø Snerle på telefonen etter møtet om bondevelferd på Klones nyleg. Ho innleia møtet med stutt å fortelje hennar og mannen Pål Arne si historie om det «å møte veggen».