Skeid Kro har vore med heilt sidan starten av Fjuken:

Fast annonsør i 30 år

– Åra før Fjuken starta opp sat vi med saks og lim og laga flygeblad som vi kopierte opp og sende som C-post. Da Fjuken kom i 1989, var det reine himmelen for oss.

Har vore med i alle år: Sissel og Per Ivar Brenna og Skeid Kro har vore med som fast annonsør i Fjuken i alle år, der mellom anna «dagens middag» har vore annonsert. 

Nyheiter

Det seier Sissel Brenna, som saman med mannen Per Ivar driv Skeid Kro, Skjåk Turistheim og Skjåkmat. Heilt sidan Fjuken kom ut med fyrste utgåve 6. april 1989, har Skeid Kro vore fast annonsør.