Brua blir opna att i starten av mai

– Vi hadde håpa på at vi kunne ha opna brua til påske, men det greier vi dessverre ikkje.

Opnar etter påske: Statens vegvesen opplyser at Marlo bru i Skjåk blir opna att for trafikk i byrjinga av mai. Brua har vore stengd sidan oktoberflaumen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier kommunikasjonsrådgjevar Kari Hermanrud i Statens vegvesen.

Marlo bru på fylkesveg 483 i Skjåk vart øydelagd under flaumen i oktober, og entreprenørar har i lang tid utført svært omfattande reperasjonsarbeid.

– Vi reknar med at brua kan opnast att i byrjinga av mai. Reperasjonane av pilaren som vart skadd, og av sjølve fundamentet på brua, er ferdig. Men det er også skader i køyrebana som må utbetrast. Dette arbeidet er tidkrevjande, mellom anna fordi det tek tid å herde materiala som blir brukt ved reperasjon av køyrebana, seier Kari Hermanrud.

Ho fortel at Statens vegvesen hadde eit håp om å få opna Marlo bru for trafikk att før påske.

– Sidan køyrebana må utbetrast greier vi dessverre ikkje å bli ferdige til påske. Men i byrjinga av mai skal skjåkværane få køyre over brua som bitt saman riksveg 15 og fylkesveg 483 att, lovar Hermanrud.