Best i Oppland:

Oline og Ola vann både finalen og samanlagt - Edvard vart nummer to

Skisesongen vart avslutta på topp for ungdomar frå Ottadalen.
Nyheiter

Oline Vestad frå Vågå og Ola Aurmo frå Lom har i heile vinter lege i toppen av Gålå-cupen. Gjennom sju konkurransar rundt omkring i fylket står dei att på toppen når resultata er lagt saman. Dei er dermed dei beste i klassene sine i Oppland.

Dei krona verket med å vinne avslutningsrennet på Lygna laurdag.

Oline går i klasse J15, medan Ola konkurrerer i G16.

Edvard Haugen frå Skjåk vart samanlagt nummer to i klassa si GD-cup.