Det kan bli ny aktivitet i Skjåk Trelast

Skjåk Trelast AS har planar om å investere i ny flishoggar. Det totale kostnadsoverslaget er på 2,9 millionar kroner.

Satsar: Skjåk Trelast AS ser moglegheiter for nye produkt og nye marknader  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Skjåk Trelast har søkt om støtte frå næringsfondet i Skjåk kommune. I søknaden skriv verksemda at prosjektet handlar om å utvikle biobrenselproduksjonen.