Glitterheim har fått attende telefonen

Sidan Glitterheim turisthytte i Jotunheimen opna den 22. mars, har dei vore utan telefon. Onsdag fekk dei endeleg kontakt med omverda att.

Glitterheim: Turisthytta i Veodalen var utan kontakt med omverda i nesten tre veker, før dei onsdag fekk summetone i telefonen att.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Dette er kjempebra. Det var utriveleg å  sitje her inne utan å få kontakt med omverda, seier turistvert Knut Vole på telefon frå Glitterheim.