Ottadalsradioen:

Vil lage betre lokalradio ved å slå seg saman med Gudbrandsdalsradioen

Daglege sendingar med lokalt stoff, radiostudio i Skjåk eller Lom, og betre dekning er noko av det dagleg leiar Vibeke Oddvik lovar lyttarane sine om Ottadalsradioen nå blir ein del av Gudbrandsdalsradioen.

Saman? Om alt går etter planen vil Ottadalsradioen bli ein del av Gudbrandsdalsradioen. Frå venstre: Tone-Anita Kvernstuen (reporter i Gudbrandsdalsradioen), Vibeke Oddvik (dagleg leiar i Ottadalsradioen) og Svein Falkenhaug (avdelingsleiar i Gudbrandsdalsradioen).  Foto: Privat

Nyheiter

– Etter det eg har vorte fortald har forslaget om intensivt samarbeid - kall det gjerne ein fusjon - vore oppe til sporadisk debatt i Ottadalsradioen fleire gonger tidlegare. Nå har mediesituasjonen vorte såpass tilspissa og konkurransevilkåra så vanskelege, at vi må ta grep medan vi ennå kan. Vi trur vi vil få ein på alle måtar god avtale med Gudbrandsdalsradioen, seier Vibeke Oddvik.