Valdresflye held nattope

Fylkesveg 51 mellom Vågå og Øystre Slidre blir halde open natt til onsdag.

Nattope: Fv 51 over Valdresflye held ope natt til onsdag på grunn av E6-stenging i Gudbrandsdalen.   Foto: Arkiv

Nyheiter

– Fylkesveg 51 mellom Vågå og Østre Slidre blir halde open i natt, slik at trafikk mellom Austlandet og Vestlandet kan bruke vegen heile døgnet, fordi E6 i Gudbrandsdalen er stengt i Ringebu, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Vegen over Valdresflye er nettopp opna etter vinterstenging og har vore nattestengt dei fyrste døgna.

– Statens vegvesen har bede driftsentreprenøren om å køyre patruljebil på fylkesveg 51 i natt, slik at vi kan halde vegen open, opplyser seksjonssjef Asbjørn Stensrud.

– Dermed kan trafikantane bruke vegen over Valdresflye som ei alternativ rute mellom Austlandet og Vestlandet. Det er ingen lokal omkøyringsveg for køyretøy over 7,5 tonn der E6 er stengt i Ringebu. Riksveg 3 gjennom Østerdalen er den viktigaste omkøyringsvegen for tungtrafikken. Så lenge E6 er stengt, vil vegvesenet gjera det vi kan for å halde Valdresflya open i tillegg.

Statens vegvesen opplyser at fylkesveg 51 kan bli stengt på stutt varsel ved dårleg vêr.

– Vegvesenet ber trafikantane sjekke vêr- og føremeldinga på nett eller telefon, dersom det er meldt vind og nedbør i fjellet. Det er óg viktig at trafikantane følgjer skilt og instruksjonar frå personell som dirigerer trafikken. Det har vore trafikkproblem på omkøyringsvegane i Ringebu i dag, fordi vogtogførarar har køyrt inn på vegar som har vore stengt for dei – og køyrt seg fast, heiter det i pressemeldinga.