Mellombels flaumsikring i Bismo

Å få på plass ei permanent flaumsikring i Bismo vil ta tid. Som eit mellombels tiltak skal masse frå Skjøle nå lagrast rundt dei utsette områda i Bismo.

Blåbærmyra: Den mørke blå streken syner kvar elvemassen frå Skjøle blir mellombels lagra. Å få på plass ei permanent flaumsikring vil ta tid, og plassering av denne massen vil vera eit mellombels tiltak nå før ein eventuell vårflaum.   Foto: Skjåk kommune/Illustrasjon

Bismo vest: Også vest i Bismo blir det mellombels lagring av masse.   Foto: Skjåk kommune/Illustrasjon

Nyheiter

Oktoberflaumen gjorde stor skade fleire stader i Skjåk. Medan NVE tek ansvar for krisetiltak i Skjøle og på Åmotsøya for å sikre områda mot vårflaumen, tek ikkje NVE ansvar for krisetiltak i Bismo, der Ottaelva førte til at delar av industriområdet og bustadområde vart overfløymd.

For å sikre områda som vart overfløymde i Bismo mot framtidig flaum, er det viktig for kommunen å setja i gang både kortsiktige og meir langsiktige tiltak. Skjåk kommune må søkje NVE om bistand til planleggjing og gjennomføring av tiltak som skal vera flaumførebyggjande i Bismo. Denne prosessen er varsla vil ta noko tid.

NVE har rekna ut at det vil vera behov for om lag 20.000 kubikkmeter masse for å byggje ei permanent flaumsikring.

I Skjøle viser det seg at det er langt meir masse som må ut av elvefaret enn NVE trudde i starten. Kommunen har inngått avtale med grunneigarar langs Skjøle for mellombels lager av masse, men det viser seg at det er behov for meir lagringsplass. Det er difor ynskjeleg å frakte masse frå Skjøle til eit mellombels massedeponi i Bismo allereie nå, og leggje massen på grunnen til Skjåk kommune, i nærleiken av områda ein ser vil bli brukt til førebyggjing seinare.

Skjåk kommunestyre vedtok førre veke at det skal vera mellombels massedeponi med elvemasse to stader i Bismo, og at dette blir mellom Ottaelva og bustadfeltet Blåbærmyra, og vest for Signegarden og delar av industriområdet.

Ved å lagre masse ved dei aktuelle områda i Bismo, håpar kommunen å unngå like store kostnadar om det skulle koma ein ny flaum før permanent flaumsikring er på plass.

I medhald av plan- og bygningslova gjev Skjåk kommune mellombels dispensasjon frå reguleringsplanane for Blåbærmyra, Bismo industriområde og Industriområdet 2 i Bismo, slik at kommunen kan gjeva løyve til mellombels lagring av massen på Skjåk kommune sin grunn.

Det blir understreka at dersom masse skal lagrast mellombels på privat grunn, må dette avklarast med eigar.

Skjåk kommune informerer om at det må påreknast noko trafikkstøy i perioden massen blir frakta til Bismo. Arbeidet tek til med det fyrste.