Valdresflye held nattope grunna E6-stenging

E6 er stengt ved Ringebu grunna rasfare. Fv51 over Valdresflye held difor ope natt til tysdag, som omkøyringsveg.

Nattope: Fv51 over Valdresflye held nattope grunna E6-stenging i Gudbrandsdalen.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Valdresflye er eigentleg nattestengt mellom 20.00 og 08.00, men sidan E6 er stengt i Elstadkleiva i Ringebu grunna fare for steinras, har Statens vegvesen valt å halde ope fjellovergangen mellom Vågå og Valdres natt til tysdag som omkøyringsveg.

Det melder Vegtrafikksentralen Øst måndag kveld.

Statens vegvesen opplyser at E6 vil vera stengt ved Ringebu i fleire dagar, og oppmodar trafikantar som skal gjennom Gudbrandsdalen elles til å køyre riksveg 3 gjennom Østerdalen. For lokale køyrety under 7,5 tonn er det skilta lokal omkøyring, men på forholdsvis dårlege fylkesvegar.

E6 vart stengd måndag ettermiddag, etter at geologar oppdaga rasfare etter utført sprengingsarbeid i eit grustak nær vegen.

Sprenginga gjekk føre seg førre veke, og det var da sikringsarbeidet etter dette uhellet skulle starte måndag ettermiddag at geologane oppdaga at fjellet over vegen hadde røyvd seg så mykje dei siste dagane at rasfaren var så stor at vegen måtte stengast.

Det er uvisst kor mange dagar det går før E6 blir opna att mellom Ringebu og Fåvang.