Telenor lovar å ordne opp

Telenor har måndag teke tak i problemet med mobilmasta i Lia, som snart dett ned.

Blir ordna: Telenor lovar å ordne opp og få sikra mobilmasta i Lia.  Foto: Privat

Nyheiter

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, fortel at han vart varsla om mobilmasta ved Vetlodden i Lia måndag morgon.

Masta står på halv tolv, og om ho dett ned vil delar av Garmo bli utan mobilnett. Det er Telenor som eig masta.


Forundra over at det ikkje blir gjort noko

– Mobilmasta ved Vetlodden sør i Lia står på halv tolv. Om masta dett ned blir delar av Garmo utan mobilnett.

 

– Dette er noko vi i Telenor har teke tak i nå, og vi arbeider nå med å få ut entreprenørar til denne staden for å sikre masta, seier Amundsen.

Dekningsdirektøren fortel at dei har som mål at mobilmasta skal vera sikra i løpet av dagen, altså måndag.