Likevel ikkje nattope - vegvesenet beklagar misforståinga

Vegtrafikksentralen Øst melde måndag kveld at fv51 over Valdresflye ville halde nattope natt til tysdag grunna E6-stenginga i Gudbrandsdalen. To timar seinare kom kontrabeskjeden ...

Nattestengt: Valdresflye er nattestengt fram til klokka 08.00.  Foto: Arkiv

Nyheiter

– Fv51 over Valdresflye har nettopp opna etter vinterstenging, og har ordinær nattestenging mellom klokka 20.00 og 08.00 som vanleg, rett etter opning. Det gjeld også natt til tysdag. Valdresflye blir ikkje open i natt, sjølv om E6 er stengd i Ringebu, opplyser Kari Hermanrud i Statens vegvesen rett før klokka 21 måndag.

Kontrabeskjeden kjem to timar etter at Vegtrafikksentralen Øst melde at Valdresflye ville halde nattope som omkøyringsveg natt til tysdag, grunna E6-stenginga i Ringebu. E6 er stengt på grunn av stor rasfare, og vil truleg bli stengt i fleire dagar.

– Det er fint om dei som har meld at fv51 over Valdresflye er open i natt, korrigerer dette. Vegen skal opne etter nattestenging klokka 08.00 tysdag morgon, seier Hermanrud i ei pressemelding måndag kveld.

Statens vegvesen beklagar misforståinga.