MEINING:

Ein blomsterpinne til alle

Nyheiter

av Torunn Elise Kveen, andrekandidat Vågå SV

Heldige er vi som trekte Norgesloddet! Vi får bu, virke og vekse opp i eit samfunn med relativt små skilnadar og høg tillit mellom folk. Vi har ein velferdsstat der alle får tilgang til skule og helsevesen, uavhengig av inntekt. Norsk arbeidsliv er prega av stuttare avstand mellom tilsette og leiarar enn i mange land. Vi jobbar side om side med sjefen på dugnad og inviterer Dronninga til kappleik. Slik møtest folk med ulik sosial bakgrunn på fritid og i jobb, og yter felles innsats for lokalsamfunnet.

Likevel har dei økonomiske skilnadene auka kraftig dei siste åra - også i Norge. Dei som tener aller mest i samfunnet har auka inntektene sine langt meir enn resten av befolkninga. Skilnadar i formue har hatt same negative utvikling. Dette skjer medan 100 000 barn i Norge veks opp i fattige familiar. I arbeidslivet slit mange med å få fast jobb med heil stilling, og sosial dumping har vorte meir vanleg i mange bransjar. For unge blir det stadig vanskelegare å kjøpe seg bustad, med mindre dei har støtte i foreldre med god økonomi. SV vil snu denne utviklinga. 

Konsekvensane av skilnadene snik seg inn over alt i samfunnet, og dei rammar oss alle. Debatten om skilnader er også ein debatt om demokrati. Vågå kommune har gjennom mange år bygt opp gode pedagogiske tilbod, helsetilbod og aktivitetstilbod til barn og unge. Det er spesielt gledeleg at dei aller fleste av aktivitetstilboda er gratis, og derfor bidrar svært godt til å utjamne økonomiske og sosiale skilnader. Vågå SV er likevel bekymra for framtida. Ostehøvelprinsipp rammar alle og er ikkje alltid uttrykk for modige politiske prioriteringar. Trongare økonomi kan tvinge kommunen til å måtte redusere tenester eller kutte ut tilbod som ikkje er lovpålagte, tilbod som nettopp bidreg til å fange opp og støtte - så tidleg at vi greier smøre maskineriet og vera føre var.

Dette har allereie skjedd gjennom reduksjonar i skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta styrkast att, slik at kommunen både kan drive godt førebyggande arbeid og samtidig yte god hjelp og rettleiing til dei elevane og familiane som strevar. Det er god samfunnsøkonomi at flest mogleg har det bra. Skal vi få til det må vi ha eit sikkerheitsnett som fangar opp, og blomsterpinnar må stå klare. Med Vågå SV i kommunestyret vil barn og unge ha høgaste prioritet, og særleg vil vi kjempe for at alle skal ha lik tilgang til tenester og tilbod, uavhengig av familieøkonomien eller evne og mot til å olboge seg sjølv og sitt fram. 

Foreldre som slit med økonomien og treng hjelp frå NAV, skal sleppe å i tillegg oppleve at barnetrygda blir rekna med i grunnlaget for utrekning av sosialhjelp. Barnetrygda i Norge er innretta slik at ho blir betalt ut anten familien har god eller dårleg økonomi. Staten spør ikkje om familien har millionar i inntekt. Slik skal den heller ikkje behovsprøvast for dei som har minst. Slik det er nå, blir barnetrygda rekna inn i grunnlaget for utmåling av økonomisk sosialhjelp. Det vil SV i kommunestyret arbeide for å få slutt på.

Vi må stoppe utviklinga mot eit samfunn der ein må vera frisk for å bli sjuk, og der ein må vera sterk for å stå i å bli svak. Vi har alle, i alle samfunnslag og til ulike tider i livet, behov for flokken og blomsterpinnen. La oss sørgje for at denne støtta er der for alle.