– Mykje verre enn glasopor

– Glasopor er, etter mi meining, ikkje farleg for noko. Det er mykje verre med plasten, seier Eldar Oddbjørn Eggen.
Nyheiter

Eldar Oddbjørn Eggen rusla seg nyleg ein liten tur langs elva i Skjåk, ved Glåmbakken.

– Eg tykkjer ikkje glasoporen er spesielt skremmande, denne veks det vel gras over om eit par år. Ein kan sikkert sjå på glasoporen som forsøpling, men i alle fall ikkje som forureining. Da er det mykje verre med plasten, tykkjer Eldar Oddbjørn, som på turen langs elvefaret såg alt frå gamle bildekk og trillebårhjul til landbruksplast.

– Ein del av dette skuldast landbruket, men på ingen måte alt. Det er mange som bør skjerpe seg og som sagt: Eg meiner det er mykje anna som er verre enn glasopor. Tenk berre på kva mikroplast kan føre til – eller gummikular frå kunstgrasbaner, avsluttar Eggen.