Trafikkulykke på Valdresflye

Tre bilar med til saman ni personar var involvert i ei trafikkulykke på fv51 sundag ettermiddag.

Ulykke: Ni persoar var involvert i ei trafikkulykke på Valdresflye sundag.  Foto: Illustrasjon

Nyheiter

Operasjonsleiar Dyre Antonsen i Innlandet politidistrikt fortel at ulykka skjedde på Valdres-sida, i nærleiken av Bygdin.

– Det var utruleg dårleg vêr og sikt. To bilar har kollidert, og ein tredje bil har køyrd inn i dei andre bilane, seier operasjonsleiaren.

Valdresflye vart i fylgje politiet stengt på grunn av dårleg vêr omtrent same tid som ulykka skjedde. Brøytemannskap hjelper til med å frakte dei involverte ned frå fjellet.

– Luftambulansen greidde å lande ved ulykkesstaden, og har teke med seg to av dei skadde til sjukehus. Dei andre blir frakta til Fagernes, seier Dyre Antonsen.

I fylgje operasjonsleiaren er ingen av dei involverte alvorleg skadd.

– Det er heldigvis prat om berre mindre skader, seier Antonsen.

Da Fjuken var i kontakt med operasjonssentralen rett før klokka 18, hadde ikkje politiet fått oversikt over kvar dei involverte i ulykka er heimehøyrande.