Forundra over at det ikkje blir gjort noko

– Mobilmasta ved Vetlodden sør i Lia står på halv tolv. Om masta dett ned blir delar av Garmo utan mobilnett.

Mobilmast: Mobilmasta i Lia dett snart ned, etter at ein vaier som held masta oppe har roke.  Foto: Privat

Nyheiter

Det seier ein tipsar til Fjuken sundag. Det viser seg at ein bardun – ein vaier som har til hensikt å skape støtte og stabilitet til mobilmasta - har roke sund, og dette resulterer i hakkete telefonsamtaler.

Det er truleg sterk vind som er årsaka til at masta i Lia nå står på halv tolv. 

– Om masta dett ned blir delar av Garmo utan mobilnett. Da vil også antenner og mottakarar ryke, og det vil da bli utruleg mykje arbeid - og dyrt - å reparere, seier tipsaren, som varsla inn feilmelding til Telenor, som eig masta, fredag kveld.

Men ingenting har skjedd sidan, sjølv om Telenor, i fylgje tipsaren, lova å ordne opp same kveld.

Vedkomande, som ynskjer å vera anonym, fortel at han har vore i kontakt med Telenor fleire gonger om saka gjennom helga, og at han er forundra over at det ikkje blir gjort noko for å unngå at masta dett ned.

– Eg forventar ikkje at ho blir reparert, men at ho blir sikra, for å sikre stabilitet og infrastruktur for innbyggjane, seier tipsaren.