Nominert til «Årets museum»

Norsk Fjellsenter er nominert til gjev pris.

Nominert: Norsk fjellmuseum, her representert ved dagleg leiar Mai Bakken, er nominert til gjev pris.  Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

«Årets museum» er ein pris som kvart år blir delt ut av Norges museumsforbund. Prisen går til ein museumsinstitusjon som har gjort seg positivt merka i føregåande år.

Saman med Oslo museum og Østfoldmuseene er Norsk Fjellsenter i Lom nominert til «Årets museum».

Juryen består av mellom andre stortingsrepresentant Kristin Ørmen Johnsen.

Dette skriv juryen om Norsk Fjellsenter:

«Fjellmuseet i Lom famnar eit breitt spekter av tema frå arkeologi og kulturminnevern, til fjellturisme, naturarv og klimautfordringar som i særleg grad blir synlege gjennom bresmeltinga. Isen som trekkjer seg attende avslører også ferdsel frå tidlegare tider, og gjev nye funn som bidreg til å utvide kunnskapen om fjellet. Den historiske bruken av Breheimen utgjer ein viktig bestanddel i senteret med utstillinga «Bergtatt». Museumet ligg som eit knutepunkt mellom tre nasjonalparkar, og fyller også funksjonen som nasjonalparksenter. Her gjev kombinasjonen av brukarane sine eigne nåtidige fjellminne og fjellturisme sett i historisk kontekst uvurderleg informasjon om korleis ein skal forhalde seg når ein ferdast i fjellet. Synleggjeringa av konsekvensane av klimaendringane viser at Fjellmuseet er aktuelt og tek ei aktiv samfunnsrolle i formidling av vår tids store utfordring: Global oppvarming og temperaturendringane sin innverknad på naturen».

Dagleg leiar på Norsk Fjellsenter, Mai Bakken, tykkjer sjølvsagt det er stas å ha vorte nominert til «Årets museum».

– Dette er utruleg artig! Men det er også litt spesielt. Lom er verdas navle for somme, men i den store museumsamanheng kan ein vel ikkje seia det, samanlikna med mange andre stader. Difor er det utruleg artig og stor stas for oss å få vera éin av tre i heile Noreg som får denne nominasjonen, seier Mai Bakken.

Ho fortel at nominasjonen betyr mykje for Norsk Fjellsenter.

– Vi har satsa mykje på å få til den nye utstillinga, og starta med å  planleggje og skaffe finanisering så tidleg som i 2013. Og trass i få midlar og få folk, har vi greidd å få til ei bra utstilling, som har vorte lagt merke til, seier Bakken. 

Sjølve prisen «Årets museum» blir delt ut under Det nasjonale museumsmøtet i Haugesund onsdag 3. april, der museum frå heile landet er samla.