Valdresflye opnar om to veker

Fylkesveg 51 over Valdresflye opnar fredag 29. mars.

Opnar snart: Fv51 over Valdresflye opnar 29. mars etter å ha vore vinterstengd sidan 1. juledag.  Foto: Arkiv

Nyheiter

I ei pressemelding opplyser Statens vegvesen at den vinterstengde fjellovergangen blir opna fredag 29. mars.

Til vanleg skal Valdresflye opnast 1. april etter vinterstenging. Sidan 1. april er ein måndag har Statens vegvesen, i samråd med Oppland fylkeskommune, bestemt at vegen opnar før den aktuelle helga.

Fylkesveg 51 over Valdresflye har vore vinterstengd sidan 25. desember.