Fleire trafikale endringar i Bismo

I samband med ein gjennomgang av gangfelta langs riksvegen i Bismo, har Statens vegvesen utarbeidd eit forslag som inneber flytting, fjerning og oppgradering av gangfelta.

Endringar: Statens vegvesen har utarbeidd eit forslag som inneber flytting, fjerning og oppgradering av gangfelta.  Foto: Tom Erik Solstad

Skjåkheimen: Gangfeltet aust for Skjåkheimen skal flyttast lenger aust.  Foto: Illustrasjon/Statens vegvesen

Gamle brannstasjonen: Illustrasjonen syner ny plassering av gangfeltet ved gamle brannstasjonen.  Foto: Illustrasjon/Statens vegvesen

Nyheiter

Forslaget frå Statens vegvesen vart lagt fram for Skjåk kommune og politiet førre veke, der båe partar var positive til vegvesenet sine planlagte tiltak.

Etter ein gjennomgang av gangfelta langs rv15 i Bismo i Skjåk, ser Statens vegvesen at det er behov for å gjera noko for å skape eit betre og meir sjølvforklarande trafikksystem. Tiltaka består av flytting, oppgradering og fjerning av gangfelt.

Skjåk turistheim

Når det gjeld gangfeltet ved Skjåk turistheim, vart det i fjor etablert ein fartshump litt aust for gangfeltet. Vegvesenet ynskjer at det også skal leggjast ein fartshump vest for gangfeltet, for å sikre fartsnivået i sjølve gangfeltet. I tillegg vil det bli intensivbelysning av gangfeltet.

Sentrum

Gangfeltet inn mot sentrum, ved Skjåk friviljugsentral, er plassert i kryss og køyreareal, og Statens vegvesen ynskjer difor å flytte gangfeltet litt vestover. Ved å gjere dette vil det bli meir oversiktleg for alle trafikantgrupper.

Det blir i samband med flyttinga av dette gangfeltet etablert ny gangveg til overgangen, frå sentrumssida. Sjølve gangfeltet skal vera opphøgd. Det skal også her bli intensivbelysning av gangfeltet.

Gamle brannstasjonen

Ved gamle brannstasjonen viser det seg å vera same utfordring med plassering av gangfelt, nemleg i eit kryss. Dette er også det krysset som kommunen meiner det er størst tal på kryssande over riksvegen. Også her ynskjer Statens vegvesen å flytte gangfeltet litt vestover.

Vegvesenet ynskjer i tillegg å redusere asfaltert areal aust for gangfeltet, for å tydeleggjera gangakse. Det nye gangfeltet ved gamle brannstasjonen skal vera opphøgd og ljossett.

Bøstugu

Gangfeltet utanfor Bøstugu og Fjuken blir verande på same plass som i dag, men blir opphøgd og ljossett.

Skjåkheimen

Aust for Skjåkheimen blir dagens gangfelt flytta litt austover, sidan gangfeltet også her er plassert i eit kryss. Gangfeltet blir opphøgd og ljossett, og fortauet inntil køyrebana vestover vil bli forlenga, med kantstein-avslutning inn mot parkeringsarealet til Skjåkheimen.

Bispen camping

Gangfeltet lengst aust i Bismo, ved Bispen camping, er plassert i kryssområde og køyreareal. Det er umogleg å skilte dette gangfeltet rett på grunn av plasseringa. Statens vegvesen opplyser at dette gangfeltet heller ikkje tilfredsstiller kravet til talet på passerande i makstimen.

Det er gjort ei teljing på kryssande. Under teljinga vart det ikkje registrert nokon gåande eller syklande i tidsperioden, som var gjort ein morgon i tidsrommet 06.45-09.00.

Sidan dette gangfeltet ikkje vil kunne flyttast til ein betre plass utanfor kryssområdet på grunn av busshaldeplass både aust og vest for gangfeltet, foreslår Statens vegvesen å fjerne gangfeltet. I staden ynskjer vegvesenet å etablere ein fartshump vest for buddhaldeplassane, og sjå på moglegheita for å etablere forsterka belysning ved ein tilrettelagt krysningsstad.

Det er også eit ynskje om å forlenge dagens 50-sone om lag 30 meter austover. Desse tiltaka vil i fylgje vegveenet vera med på å redusere fartsnivået forbi krysningspunktet.

Høyring

Sjølv om både Skjåk kommune og politiet stiller seg positive til Statens vegvesen sitt endringsforslag, ynskjer vegvesenet å køyre ei stutt høyringsrunde på forslaga.

Vegvesenet opplyser at vedtak vil bli fatta i samsvar med forslaget, dersom det ikkje kjem merknadar innan høyringsfristen som er 22. mars.

Sentrum: Gangfeltet ved innkøyringa til sentrum skal flyttast litt vestover (kvit). Det skal i samband med dette etablerast ny gangveg (grå) til overgangen.  Foto: Illustrasjon/Statens vegvesen

Vil fjerne: Statens vegvesen ynskjer å fjerne gangfeltet lengst aust i Bismo, ved Bispen camping.  Foto: Tom Erik Solstad