Førarkortet blir digitalt

Snart treng du ikkje å ha med deg det fysiske førarkortet når du skal ut og køyre.

Digitalt: Snart kan du laste ned førarkortet ditt digitalt.   Foto: Samferdselsdepartementet

Nyheiter

Statens vegvesen har sendt eit forslag til høyring om endringar i førarkortforskrifta og trafikkopplæringsforskrifta, som mellom anna inneheld forslag om å leggje til rette for digitalt førarkort. I løpet av året, truleg i haust, kan du sannsynlegvis laste ned eit digitalt førarkort til mobiltelefonen din.

– Dette vil gjera kvardagen enklare for bilistane, samstundes som myndigheitene får meir oppdatert informasjon enn det fysiske førarkortet gjev i dag, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Statens vegvesen har dei siste åra utvikla fleire digitale løysingar, som gjev auka fleksibilitet og tilgjenge for brukarane. Det digitale førarkortet skal for nasjonal bruk vera eit fullverdig førarkort, og eit frivillig gratis supplement til det fysiske førarkortet. Det er verd å merka seg at det digitale førarkortet berre blir gyldig i Noreg. Ved køyring i utlandet må det fysiske førarkortet framleis takast med.