Det er torsdag og Fjuken-dag:

Rune stiller alltid opp

I «alle år» har Rune Kjeken levert Fjuken til butikkane i Bismo.

Rune stiller opp: Rune Kjeken har levert Fjuken til butikkane kvar torsdag i mange år. Medpassasjer er Torill Rudsar.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Like sikkert som at papiravisa kjem ut kvar torsdag, like trufast kjem Rune Kjeken for å hente og distribuere avisa til butikkane i Bismo.

Nå er føret såpass bra at han har funne fram att den flotte sykkelen sin, men når vi spør om det er fyrste sykkelturen i år, får vi kontant svar.

– Nei!

Han har sykla tidlegare i vinter.

Det er ikkje råd å prate for lenge med Rune, for arbeidet må gjerast både for honom og oss.

– Nå! Gå og jobb, kommanderer Rune før han og Torill Rudsar syklar av garde. Avisa må fram!