Flaumsikringsarbeidet i Skjåk:

Meir omfattande uttak i Skjøle enn rekna med

NVE arbeider for fullt om dagen i Skjåk, med flaumsikring av elva Skjøle.

Full drift: Om lag 30 anleggsmaskinar er i sving under flaumsikringsarbeidet i Skjåk om dagen, der krisetiltak i elva Skjøle er det mest omfattande arbeidet.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Sidan vi ikkje har nokon frist på oss i den forstand, anna enn at vi skal få sikra mot ein eventuell vårflaum, blir det feil å svare på om vi er i rute eller ikkje. Men vi jobbar på og held fram med dei maskinane og det mannskapet som er praktisk mogleg for å gjennomført flaumsikringstiltaka som er kartlagt, seier Odd-Arne Haarseth.