Frontkollisjon i Vågå:

Ein person er kritisk skadd

Sat fastklemt i bil.

Illustrasjonsbilde 

Nyheiter

Politiet melder torsdag føremiddag om ein frontkollisjon mellom to bilar på riksveg 15, vest for avkøyringa til Randsverk.

Ein person sat fastklemt.

Vegen er stengt inntil vidare.

Nrk melder at tre personar er skadd i trafikkulykka og at bilane har store materielle skadar.

Politiet melder klokka 11.12 at luftambulanse har landa på staden.