Christer sveisa til gull

Christer Aaboen Kolden frå Lom er opplandsmeister i sveising.
Nyheiter

Christer går TIP (teknisk og industriell produksjon), Vg1 på Otta og konkurrerte denne veka mot seks andre elevar/skular i sveising.

Denne bragden gjekk heller ikkje lomsordførar Bjarne Eiolf Holø hus forbi. Han overraska Christer i ein skuletime med eit par nye sveisehanskar som ei gåve frå Lom kommune.

I tillegg til å gratulere Christer og ynskje han lykke til vidare med utdanningsløpet, vektla ordføraren i tala si til ungdomane viktigheita av valet deira som yrkesfagelevar.

– Både i Nord-Gudbrandsdalen og i landet elles er vi særleg avhengige av at nok elevar vel å ta yrkesfagleg utdanning for å dekke behovet for fagarbeidarar i alle yrke framover, sa han mellom anna.

Ordføraren framheldt at Nord-Gudbrandsdalen har svært mange dyktige elevar, dyktige lærarar og gode skuleanlegg.

– Alle desse ressursane saman er viktige for å utvikle regionen sin kompetanse inn i framtida, og vi skal saman arbeide for at skulen vår med alle tre skulestadene i Nord-Gudbrandsdalen skal kunne utvikle seg som attraktive læringsarenaer for all framtid, sa Holø.

– Det er femte gong på seks år at skulen vår stikk av med seieren i sveisekonkurransen på Vg1, fortel avdelingsleiar for yrkesfag, Ingrid Vorkinn. Det syner at har ei god TIP-avdeling på Otta med  flinke elevar og flinke lærarar, der elevane kjem frå heile Nord-Gudbrandsdalen, seier Vorkinn.

Vinnarar dei siste åra:

2018/2019: Christer Aaboen Kolden, Lom
2017/2018: Johan Øvstedal, Vågå
2016/2017: Espen Barlund Nicolaisen, Lom
2014/2015: Bjørn Erik Ulheim, Dovre
2013/2014: Erlend Henrik Flateng, Dombås