Fortidsminneforeningen engasjerer seg i Vågå:

– Gamle gardstun er ein viktig ressurs

Fortidsminneforeningen engasjerer seg nå i saker knytt til sal av flere landbrukseigedomar i Vågå.

Gamalt bruk: Det var i fjor haust diskusjon i Vågå om konsesjon, bu- og driveplikt på bruket Aabakken.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

I eit brev til Vågå kommune ber Fortidsminneforeningen om at kommunen sikrar at desse tuna blir bevart og at dei blir frådelt og seld til folk som er interessert i å bevare og bruke.

– På denne måten vil alle ressursane knytt både til jordvegen og til tuna bli bevart og koma bygda til gode, heiter det i brevet.

Utgangspunktet for brevet er at Fortidsminneforeningen er kjend med at tre gardsbruk i Vågå er i ein prosess der dei vil bli seld til eigarar av andre gardsbruk som berre har ynskje om å bruke jord og skog.

– Slike sal er ei naturleg utvikling med dagens rammevilkår i landbruket, og bidreg til å sikre drift, kulturlandskap og levande lokalmiljø. Jord- og utmarksressursar er viktige for gardsbruka og samfunnet. Fortidsminneforeningen er likevel oppteken av at den ressursen som gardstun som går ut av bruk har, må takast vare på. Vågå kommune har moglegheita til å bidra at dette skjer – denne moglegheita bør gripast, skriv Fortidsminneforeningen til kommunen.

Fortidsminneforeningen ber Vågå kommune om å ta aktive grep i desse sakene, som sikrar at tun blir teke vare på og at dei kan overtakast av folk som ynsker å setja dei i stand og bruke dei. Foreininga ber om å bli halde orientert om kva som skjer vidare.