Godt år for banken

Sparebank 1 Lom og Skjåk har lagt bak seg eit godt og aktivt 2018, med eit resultat på 74,8 millionar kroner.

Godt 2018: Sparebank 1 Lom og Skjåk fortel om eit godt 2018 - for banken.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

– Banken har gjennom mange år hatt ei god utvikling. Alle tilsette har fokus på å oppretthalde den gode utviklinga i tida framover. Gjennom dette vil vi sikre at lokalbanken kan vera sjølvstendig i framtida. Vi vil sikre gode kompetansearbeidsplassar og sikre vekst og utvikling i dei fem kommunane i Norddalen, skriv Sparebank 1 Lom og Skjåk i ei pressemelding.

I 2018 fekk lokalbanken 1.800 nye kundar.

Lokalbanken peikar på at dei i 2018 hadde stort fokus på å vera aktiv og til stades «der ting skjer».

– Vi deltek i ulike fora, tilrettelegg for ulike møteplassar, er medarrangør på konferansar og vi sit saman med andre i næringslivet i prosjektgrupper og komitear. Dette fører oss tettare saman og vi får større kraft til å skape resultat gjennom eit godt samarbeid i Norddalen. Vi har ei viktig rolle overfor ungdomen vår, slik at dei unge ynskjer å leve og bu i distriktet i framtida. Derfor har banken fokus på aktivitet som kan føre til tilflytting, heiter det i pressemeldinga.