Sognefjellsvegen opnar før påske

Fylkesveg 55 over Sognefjellet opnar rekordtidleg i år. I løpet av fredag 12. april vil vegen vera open for trafikk.
Nyheiter

Det vanlege er at vegen over Sognefjellet opnar etter vinterstenging til 1. mai kvart år. I og med at påska i år kjem seint i april har Statens Vegvesen og fylkeskommunen avgjort at vegen opnar tidlegare.
- Dersom vi skulle opne til 1. mai ville mykje av brøytinga ha pågått samstundes med påsketrafikken. Det ynskjer vi å unngå, seier Asbjørn Stensrud som er leiar for driftsseksjonen i Statens vegvesen i Oppland.

Stensrud understrekar at det som alltid etter vinterstenging må takast atterhald om at vegen på kort varsel kan bli stengd på grunn av vanskelege vertilhøve og rasfare. Vegen vil også vera nattestengd mellom klokka 20.00 og 08.00 kvar natt fram til 1. mai.

– Dette var ei gledeleg melding, seier ordførar Bjarne Eiolf Holø i Lom. Dette er bra for innbyggjarar og næringsliv på båe sider av fjellet.