Bygdalista i Lom:

– Vi stiller liste

Toppkandidatane er klare, men lista er ikkje offentleg ennå.
Nyheiter

Bygdalista i Lom stiller liste til kommune- og fylkestingsvalet i haust. Det er det ingen tvil om. Det opplyser Magnar Mundhjeld.

Han fortel at både fyrste- og andrekandiaten nå er klar.

– Vi har bestemt oss for å vente med å offentleggjera dei to på topp til vi har dei andre namna klare. Da kan vi presentere heile lista på ein og same gong. Det er noko vi ser fram til, seier ein nøgd Mundhjeld til Fjuken.