– Ei glede å hjelpe til

Kreftforeininga sin årlege innsamlingsaksjon «Krafttak mot kreft» er i gang.

Innsamlingskomiteen: Innsamlingskomiteen i årets Lomsruss består av Syver Hølmo, Sebastian Schakenda, Maria Teigen, Gjermund Valde Sletten og Åsne Sørlie-Nordnes. Sistnemnde var ikkje til stades da bildet vart teke.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Lomsrussen har teke på seg å vera bøsseberarar i Lom og Vågå torsdag 14. mars.

– Vi er glade for å hjelpe til. Det var heilt sjølvsagt for oss å ta denne oppgåva. Dei fleste av oss kjenner einkvan som er ramma av kreft. Vi håpar vi blir godt mottekne når vi bankar på døra di torsdag, seier Syver Hølmo, Sebastian Schakenda, Maria Teigen og Gjermund Valde Sletten.

Dei fortel at absolutt alle i årets russekull har takka ja til å vera med på innsamlingsdugnaden.

– I tillegg har det meldt seg fleire friviljuge frå klassekulla under oss. Det set vi stor pris på, seier dei fire.

Innsamlingsaksjonen «Krafttak mot Kreft» vart starta opp i 2006. I år er målet til Kreftforeininga å samle inn 45 millionar kroner til forsking på og tilbod til dei som er ramma av kreftformar med låg overleving.

I dag overlever sju av ti nordmenn kreft, men bak statistikken skjuler det seg store forskjellar. Det er framleis fleire kreftformar som svært få overlever. Lungekreft og bukspyttkjertelkreft er blant desse.