Kolonnekøyring på rv 15:

Åtvarar mot vanskelege køyreforhold

Snø og vind vil det neste døgnet gje vanskelege køyreforhold i Oppland, spesielt på fjellovergangane.

Vind og snø: Det er vanskelege køyreforhold tysdag.  Foto: Illustrasjon/arkiv

Nyheiter

Vind og snøfokk er venta å gje vanskelege køyreforhold på vegane i Oppland tysdag ettermiddag, kveld og natt. Meteorologisk Institutt melder at snøvêret vil vare fram til onsdag ettermiddag.

- Entreprenørane som driftar riks- og fylkesvegnettet for Statens vegvesen er allereie ute på vegane og brøyter og gjer andre tiltak, seier seksjonsleder Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen.

Vegvesenet oppmodar bilistane til å følgje med på trafikkmeldingane på vegvesenet sine heimesider.

Det er kolonnekøyring på fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn tysdag ettermiddag.