Batterijakta er i gang

Måndag startar Noregs største miljødugnad for barn.

Batteri: Har du utlada batteri liggjande? Fjerdeklassingane i kommunen vil samle dei inn. Fjuken har ein haug som kan hentast i Bismo. :)  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

I løpet av tre veker skal over 14.000 fjerdeklassingar over heile Noreg kjempe om å samle inn flest mogleg brukte batteri og levere dei til attvinning.

Sidan Batterijakten gjekk av stabelen for fyrste gong i 2013 har attvinningsgraden på batteri stege frå 33% til 80%, i takt med aukande oppslutnad rundt konkurransen. Dei siste åra har landets fjerdeklassingar samla inn mellom 5-10% av alle husholdningsbatteria som blir attvunne i Noreg på eitt år.

Hovudpremien til klassa som vinn Batterijakten 2019, er ein sjekk på 30.000 kroner, som skal gå til miljøfremmande aktivitetar for heile klassa.

Skulane i Ottadalen er med på denne dugnaden, og vil i løpet av dei neste vekene samle inn så mange batteri dei klarar.

Bak denne konkurransen står barnas miljøvernaksjon, Miljøagentene, Clas Ohlson, Batteriretur og Varta.