Ullinsvin:

Utstillingsbygget under tak

Det nye utstillingsbygget i Ullinsvin er kome under tak. Ullinsvin Drift AS er namnet på det nye selskapet som skal drive med utstillingar og kulturaktivitetar i Ullinsvin.

300 kvadratmeter: Utstillingsbygget har eit areal på cirka 300 kvadratmeter. Tora Sandbu fortel at bygget skal stå ferdig til juni, og at offisiell opning blir 21. september. – Til sommaren skal fyrste del av sanserommet for unge stå klart, seier Tora Sandbu.  Foto: Arve Danielsen

Under låvebrua: Inngangen til utstillingsbygget og toalett blir det under låvebrua. Her er prosjektleiar Tora Sandbu saman med Terje Synslien frå Tessand Byggservice.  Foto: Arve Danielsen

Bygget: Utstillingsbygget i Ullinsvin blir eit robust og miljøvenleg bygg i tre som harmonerer med resten av bygga i den tidlegare prestegarden.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Det nye utstillingsbygget i Ullinsvin er oppført som eit tilbygg til den eksisterande låven i den gamle prestegarden.

Utstillingsbygget har eit areal på cirka 300 kvadratmeter.

Bygget vil danne eit fundament for etablering av ulike utstillingar med tilhøyrande aktivitetar, og magasin i kjellaren.

Gudbrandsdalsmusea skal leige magasinet av historielaget.

– Det har vore god framdrift på bygget som skal stå ferdig til 1. juni, seier Tora Sandbu som er prosjektleiar i Ullinsvin.

Ho rosar Vågå historielag som gjennom Ullinsvin AS er byggherre og eigar. Prislappen er cirka tolv millionar kroner.

Ustillingsbygget med magasin er fullfinansiert av ulike tilskot og private gjevarar.

Med Vågå kommune som hovudaksjonær er det nå stifta eit selskap som skal drive med utstillingar og kulturaktivitetar; Ullinsvin Drift AS.

Aksjekapitalen er på 160.000 kroner, der kommunen har aksjar for 150.000 kroner. Vågå historielag og Vågå husflidslag også med i selskapet med fem tusen kroner kvar.

Rådmann Jan Egil Fossmo er styreleiar, og med seg i styret har han Jens Erik Hagen frå historielaget, Tora Sandbu, Per Morset og arkitekttonisk glasdesignar Sigrid Blekastad.

Per Morset utarbeidde Masterplan for Ullinsvin som kommunestyret vedtok hausten 2017, og er ein ekstern ressurs.

Tora Sandbu som er prosjektleiar for Ullinsvin, vil også ha ansvar for den daglege drifta i den vidare utviklingsfasa.

Oppland fylkeskommune har løyvd 300.000 kroner som medfinansiering av prosjektstillinga for 2019.

Tora Sandbu fortel at Ullinsvin er med i «Kunstlåve»-nettverket saman med Ringebu prestegard, Peder Balke-senteret på Kapp og Glaslåven på Gran.

– Dette er ei prioritert satsing gjennom Oppland fylkeskommune sin kulturstrategi. Desse fire stadene har visse likskapstrekk, som kulturhistoriske stader som satsar på kunst og kultur.

Prosjektleiaren fortel at born og unge skal vere ei målgruppe ein vil satse på.

– Til sommaren skal fyrste del av sanserommet for unge stå klart, seier Sandbu.