Skjåk Røde Kors hjelpekorps:

Nødvendig trening for å sikre god beredskap

Hjelpekorpset i Skjåk stiller godt førebudd, og rekrutteringa er god.
Nyheiter

Laurdag var 12 medlemar i hjelpekorpset i Skjåk på øvings- og kjentmannstur i fjellet.

– Blant dei var det vel 5-6 heilt ferske medlemar, fortel Tor Arne Rønningen i hjelpekorpset.

Det blir forventa at friviljuge hjelpemannskap stiller opp og rykker ut når ei ulykke skjer i fjellet.

– Derfor er det heilt nødvendig at vi gjer slike turar, at vi blir kjent i dei store fjellområda vi skal ut i. Dei gongene vi må ut, er det svært sjeldan slik vêr og slike forhold som vi hadde laurdag, men det er viktig at mannskapa, særleg dei nye, får trening i scooterkøyring. Snøen var laus, og alle fekk verkeleg prøvd seg, seier Rønningen.

Korpset har fått godkjent fleire turar i løpet av vinteren. Laurdagens øvingstur gjekk frå Grotli, inn Mårådalen og over til Rauddalen.

Nye medlemar får økonomisk støtte av korpset til å ta snøscooterlappen, og rekrutteringa er god. Om ein månad står påska for døra, og skjåkværane har ingen problem med å fylle sine vakter på fjellredningsstasjonen i Lom.