Kvinner i lokalpolitikken markerte kvinnedagen:

8. mars på Brimibue

Brimibue var fullsett da kvinnedagen vart markert

Kvinner som vil vera med å forme framtida: Frå venstre: Eva Therese Hyrve Bosmen, Live Langøygard, Edel Kveen. Torunn Elise Kveen, Astrid Gjertsen, Mette Vårdal, Sigrun Garmo, Mai Bakken, Aud Hove og Mari Sletten.   Foto: Randi Rust

Nyheiter

av Randi Rust

- Det er tredje gongen og vi blir fleire år for år, smilte Brit Oline Forberg og såg utover ei fullsett Brimibu. 

Kvinnenettverket LOS inviterte til markering av 8. mars.  Forberg viste til at det er ulik feiring rundt i verda og kvinnekonvensjonen til FN er ein av dei mest problematiske. Ho la til at også her i vårt eige så ganske likestilte land, ser ein tendensar til at like rettar er sett under press.

Ved sida av orientering om Norske Kvinners Sanitetsforeining,  var kvinnelege politikarar som er på toppen av dei ymse vallistene i Vågå, Lom og Skjåk invitert. Dei var utfordra på å si noko om  kva visjon dei har for å engasjere seg. 

Kva listetoppane sa, finn du i avisa torsdag.