Uheldig parkering i Lom

Ein personbil vart fredag føremiddag parkert så pussig i Lom sentrum at politiet vart tipsa.
Nyheiter

Bilen stod parkert delvis i riksvegen, ved innkøyringa til kyrkjevollen.

Politiet kontakta bileigar og fekk fortalt at bilen var parkert der på grunn av motorstopp.

Politiet trudde ikkje heilt på den forklaringa og mistenkjer bileigaren for køyring i påverka tilstand.

Bileigaren er heimehøyrande i Lom.