Nye matrutinar på Skjåkheimen:

Lunsj frå kjøkenet kvar dag

Det er stor glede på Skjåkheimen etter at dei la om matrutinane sine.

Lunsj: Bebuarane på Skjåkheimen kosar seg med næringsrik lunsj kvar dag.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Ikkje berre har Skjåkheimen forskyvd måltida gjennom dagen med ein halvtime-time, slik at dei blir fordelt meir utover heile dagen. Nå får også bebuarane på aldersheimen i Bismo levert næringsrik lunsj av kokkane på kjøkenet - sju dagar i veka. Dei nye matrutinane på Skjåkheimen starta opp måndag førre veke, og så langt er det berre positive ord å høyre.