Oline og Ola kvalifiserte seg på Hovedlandsrennet:

Klare for Holmenkollen

Oline Vestad frå Vågå og Ola Aurmo frå Lom gjekk så bra på Gålå at dei skal gå for Oppland i «Kollen» sundag.

Oline: Oline Vestad hevdar seg i årsklassa si. Nå ventar Ungdomens Holmenkollstafett.  Foto: Svein Halvor Moe

Ola: Ola Aurmo gjekk fort i Hovedlandsrennet på Gålå. Sundag ventar Holmenkollen.  Foto: Svein Halvor Moe

Nyheiter

av Svein Halvor Moe

Oline Vestad markerte seg skikkeleg i Hovedlandsrennet på Gålå. Det vart ein flott 24. plass på Vågå-jenta i distanserennet. Det i ei klasse med over 200 startande.

– Eg er godt tilfreds med det eg presterte på den lengste distansen og stafetten. Fullt så tilfreds er eg ikkje med sprinten der eg var to sekund unna å gå vidare frå prologen. Det var litt surt at eg ikkje klarte å koma meg vidare når det var så lite som mangla, sa Oline etter at ho for aller fyrste gong hadde brynt seg på dei beste i landet på sitt alderstrinn.

Oline Vestad gjekk på Opplands fyrstelag i kretsstafetten. Ho hadde sjette beste etappetid og var med og la grunnlaget for det som skulle syne seg å bli ein flott sjuandeplass. Flere av dei som Oline brynte seg på i stafetten var eitt år eldre. Niandeklassingen er fødd i 2004 og held med det Hovedlandsrennet-alder i eitt år til. Ho er glad for det.

Fyrstkomande helg blir det eit nytt møte med dei beste.

Oline er nemleg teke ut til å gå for Oppland i Kong Haralds Ungdomsstafett. Den populære kretslagsstafetten som kvart år blir arrangert samstundes med World cup-renna i Holmenkollen. Vestad ser fram til å gå i «Kollen» sjølv om ho har konkurrert der tidlegare.

Ho var nemleg med i Ungdommens Holmenkollrenn for eitt år siden. Oline håpar å bidra til at kretsen gjer det bra. Nålauget for å få delta i Ungdomsstafetten er trangt, det er hard kamp om plassane.

Ola Aurmo har gjort det bra i kretscupen og fulgte opp med gode prestasjonar i Hovedlandsrennet. Det gjer at også den treningsviljuge lomværen får gå på Opplands fyrstelag i Ungdomsstafetten i Holmenkollen til helga.

– Eg er jælma tilfreds med at eg får moglegheita til å vera med på den stafetten. Det var oppmuntrande å få beskjed om at eg får gå på fyrstelaget. Sjølv om eg heller ikkje ville vore misfornøygd med ein plass på andrelaget, sa Ola etter at han hadde vore i aksjon i det uoffisielle norgesmeisterskapet for 15- og 16-åringar.

Ola har nærma seg dei beste på sin alder. I år vart det 41.plass på distanserennet på Gålå, og det var han tilfreds med. Fullt så tilfreds var han ikkje med at det vart fall på sprinten.