Varsom.no:

Betydeleg skredfare i Jotunheimen

Ver forsiktig om du har tenkt deg på ski i helga.

Illustrasjon  Foto: Albert Lunde/arkiv

Nyheiter

Varslingstenesta varsom.no melder at det i Jotunheimen vil vera betydeleg skredfare fredag og laurdag.

Varsom kjem med desse tilrådingane:

Fokksnø (flakskred)

Nedføyka svakt lag med nysnø

Vêr forsiktig i område brattare enn 30 grader med fokksnø til den har fått stabilisert seg. Hald avstand mellom kvarrandre ved ferdsel i bratt terreng. Det er størst sannsyn for å løyse ut skred på kul-formasjonar i terrenget og der fokksnøen er mjuk. Sjå etter område der vinden nyleg har lagt frå seg fokksnø, typisk bak ryggar, i renneformasjonar og søkk. Lokale vindeffektar og skiftande vindretning kan gje stor variasjon i kvar fokksnøen legg seg. Snø som sprekk opp rundt skia/brettet er eit typisk fareteikn.

Vedvarande svakt lag (flakskred)

Kantkorna snø under skarelag

Hald god avstand til kvarandre ved ferdsel i skredterreng. Det er størst sjanse for å løyse ut skred der snødekket er tynt, nær ryggar og framstikkande steinar. Fjernutløsning er mogleg. Det krev mykje kunnskap for å kjenne att svake lag i snødekket. Drønnelydar og skytande sprekkar er tydelege teikn som betyr at du påverkar svake lag og bør unngå skredterreng, men fråver av slike teikn betyr ikkje at det er trygt. Ver ekstra forsiktig og tenk konsekvens når du gjer vegvalg, særleg i ukjent terreng, etter snøfall eller vind og i periodar med temperaturstigning.

Les meir på varsom.no.