Fylkesmann Knut Storberget:

Sjarmert av reflektert ungdom

Fylkesmannen møtte unge i Lom.

Sjarmert: Fylkesmann Storberget vart sjarmert av den reflekterte ungdomen i Lom. Bak frå venstre: Jens Øygard, Paul Høsteng_Haugen, Martin Biløygard og Torstein Bjørgen. Framme frå venstre: Halvor Hilleren Myren, Knut Storberget, Maria Teigen og Lina Juland.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Knut Storberget har denne veka besøkt Lom og Skjåk på sin turne for å bli kjent med og i Innlandet.

I Lom møtte den nye fylkesmannen og staben hans mellom anna ungdomar frå ungdomsråd og vidaregåande skule.

Det var ein gjeng svært reflektert ungdom som særleg la vekt på kor viktig den vidaregåande skulen er for Lom og Ottadalen.

Ideen som Torstein Bjørgen, avgangselev ved skulen, har lansert i Fjuken tidlegare – om ei landsdekkande line for friluftsfag, vart godt imotteken.

Det var tydeleg at dette er ein tanke som Fylkesmannen kan vera med å dytte vidare i viktige kanalar, sjølv om det vart understreka at det er fylkeskommunen som er skuleeigar og driv dei vidaregåande skulane i fylket.

– Vi har moglegheit til å ta initiativ over for fylkeskommunen, sa Storberget.

– Det finst knapt nokon stad betre eigna enn Lom for ei slik line, sa assisterande fylkesmann, Sigurd Tremoen.