Ny fastlege og turnuslege på plass

Legenytt: Ny fastlege er på plass i Skjåk.  Foto: Illustrasjon

Nyheiter

Astrid Sulheim er nå i gang i stillinga som ny fastlege i Skjåk. Ho har teke over den gamle pasientlista til Vegard Holm Brenna. Henriette Pisani Sundhagen er ny turnuslege i Skjåk, og er også på plass.

Armind Semb og Tobias Græsdal vil nå dele fastlegeheimelen til Semb, og vil vera i Skjåk annankvar månad fram til 1. januar 2020.

Det er Skjåk kommune som melder om dette på sine nettsider.