Fylkesmannen turnerte Lom og Skjåk:

– Synte vilje til løysing

Skjåkordførar Elias Sperstad kan fortelja om ei anna stemning og vilje frå fylkesmannsembetet til å hjelpe kommune og Glasopor med oppryddinga attpå flaumen.

glasopor: Fylkesmann Knut Storberget (til venstre) og assisterande fylkesmann Sigurd Tremoen vart forklart prosessen kring produksjonen av glasopor, av produksjonsleiar Inge Gjerdet. Besøket i Skjåk resulterte ikkje i pengar på bordet til opprydding, men det vart synt vilje til å finne løysingar både kommune og bedrift kan leva med. 

Nyheiter

Den nye fylkesmannen, Knut Storberget, besøkte tysdag Lom og Skjåk.