«Ung i Ottadalen»:

– Min største draum er å hoppe i fallskjerm

Mora tykkjer ikkje noko om draumen til Elinor, men 15-åringen i Vågå skal smiske, slik at ho får gjennomført draumen før ho fyller 18.

Draum: Elinor Dybvik Payne går på Vågå ungdomsskule og har ein draum om å hoppe i fallskjerm. – Mamma tykkjer ikkje noko om den draumen, seier Elinor.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Namn: Elinor Dybvik Payne
Alder: 15 år
Klasse: 9B på Vågå ungdomsskule
Bustad: Vågå
Hobby: Handball, teater og dans
Ser fram til: Å sleppe å gå med jakke

Kva er mest spennande med Vågå?

– Naturen, for den er utruleg fin i Vågå. Vågå er ein fin plass med mange turmoglegheiter.