«Oppfinneren» frå NRK kjem til Vågå

Erik Alfred Tesaker, kjend som «Oppfinneren» på NRK, er blant foredragshaldarane når Skåppå Kunnskapspark arrangerer Gardsgründer for fjerde gong.

Tusenkunstnar: Erik Alfred Tesaker er kjend som «Oppfinneren» i NRK-serien med same namn. Denne månaden kjem han til Vågå for å prate om gründerreisa si.  Foto: NRK

Nyheiter

Årets Gardsgründer Inspirasjonsdag finn stad 21. mars i Jutulheimen i Vågå. Gardsgründer er eit utviklingsprogram særleg retta mot bønder som ynskjer å utvikle attåtnæring på garden, og inspirasjonsdagen er meint som rekrutteringsarena for programmet. Gardsgründer skal vera ein inspirerande dag for alle som er interessert i landbruk og attåtnæring på garden.

Tusenkunstnaren Erik Alfred Tesaker er blant fleire gründerar som kjem til Vågå denne dagen for å halde foredrag. Tesaker er kjend som «Oppfinneren» i NRK-serien med same namn, og har skapt draumen om å skape eit mekanisk paradis for heile familien på småbruket Øystøl.

I tillegg til «Oppfinneren» kjem mange andre gründerar som har skapt seg eit levebrød av alternativ næring på garden til Jutulheimen 21. mars.